Våre satsingsområder

Våre satsingsområder

På Innfjorden Friskole har vi som visjon å utdanne framtidas problemløysarar. Vi har sidan oppstarten jobba fram klare strategiar på korleis vi skal nå dette målet, kjerneverdiar som underbygger det og eit motto som skal skape den rette haldninga hos kvar enkelt for å nå målet.

Ei bevisst satsing

Da vi starta friskulen hadde vi to områder vi ønska å satse ekstra på; det første er at våre problemløysarar skal utdannast for framtida og vi skal dermed bruke framtidas læremiddel. Det innebærer at vi har oppgradert alt av teknologisk utstyr på skulen, og alle elevane i 1.–7. klasse har i dag sin eigen iPad som brukast aktivt gjennom skuleveka. I tillegg har vi klassesett med Macbook Air og vi brukar elektroniske tavler og tavleressursar i alle klasserom.

Det innebærer også at vi sørger for at våre ansatte blir sendt på dei rette kursa og seminara for å halde seg oppdatert på bruk av teknologi i klasserommet. Vi har utarbeida tydelige planer på korleis vi skal bruke teknologien i kvart enkelt klassetrinn og kva mål kvar enkelt elev skal oppnå.

Vi ser allerede stor fordeler med bruk av desse verktøya for den enkelte elev og for læraren. Det gir enda større moglegheit for individuell oppfølging og tilpassing. Dette skal hjelpe oss å utdanne framtidas problemløysarar.

Det andre området vi ønsker å satse på er friluftsliv. Vi ønsker å aktivt bruke det fantastiske nærmiljøet vårt på tvers av faga og gjennom heile skuleåret. Vi har tru på visjonen kommunen har satt med at me skal være verdens beste kommune for naturglade mennesker. I Innfjorden er vi heldige å ha naturen rett utenfor døra og det er svært kort veg til både skog, fjell og sjø. Vi har lysløype som går så godt som over skuleplassen og ballbinge i gangavstand.

I dag har vi fast uteskule, brukar lysløypa aktivt, gjennomfører fjellturar og skidag og bruker aktivt nærmiljøet så mykje som mogleg.

Begge satsingsområda er heile tida under utvikling og vi jobbar kontinuerlig med dei både blant dei ansatte og i styret. Vi er au heldige å ha med oss fire bedrifter som har støtta oss både økonomisk og ved å være tilgjengelig for bedriftsbesøk; Arvid Gjerde, Grande, Plasto og RevisorGruppen Åndalsnes.